Lønn
Prisane stig meir enn lønninga: Så mykje har du tapt på tre år
Har du ei løn over snittet, midt på treet eller under? Sjekk kor mykje du har tapt på dyrtida dei siste tre åra.
Høgare renter og dyrare straum gjorde at prisane steig meir enn lønningane i fjor. Og no som 2023 er over, ser det ut som prisveksten vil ete opp lønsauken tredje året på rad.
Vi har rekna på kva dei tre siste åra med dyrtid har gjort med lommeboka di.
– Blir verre før det blir betre
Magne Gundersen har jobba med folk som slit med økonomien i 15 år. Til dagleg jobbar han som forbrukarøkonom i Sparebank 1.
Men han er også kjent for mange som programleiar og ekspert i Luksusfellen på TV3 sidan oppstarten i 2008.
Han trur det er lurt å stålsette seg for 2024:
– Vi må vere klare for at det blir verre før det blir betre. Og renteutgiftene blir høgare. Det vil bli endå trongare i 2024. Det er lurt å gjere det vi kan no og vere klar for at det blir ein endå dårlegare økonomisk situasjon.
Sjå kva tips forbrukarøkonom Gundersen kjem med og når han ventar vi skal få betre råd, i eiga undersak.
Spar tusenlappar: Sjå tipsa frå gjeldsrådgjevaren
Kva betyr reallønsnedgang?
Svaret er tusenlappar. Mange av dei. I snitt har det nesten ikkje vore reallønsauke sidan 2015. Fordi prisane har gått opp meir enn lønningane i 2021, 2022 og 2023. Har du eit lån på rundt to millionar kroner, har du samla sett dei tre siste åra fått godt over ei månadsløn mindre å rutte med. Korleis? Sjekk ut reknestykka og oversikta nedanfor. Så mange tusen mindre sit du igjen med om...
Du har 720.0000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 16.087 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 40.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 46.195 kroner.
Du har 648.000 i årsløn (Snittløn, nesten)
Sidan 2021 sit du igjen med 15.443 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 35.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 45.551 kroner. Snittløna i Norge var på 634.700 kr i fjor Ifølge SSB.
Du har 564.000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 14.574 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 30.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 44.682 kroner.
Du har 468.000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 12.594 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 25.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 42.702 kroner.
Du har 384.000 i årsløn
Sidan 2021 sit du igjen med 10.097 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 20.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 40.205 kroner.
Når skal vi få betre råd?
Forbrukarøkonom og Luksusfellen-ekspert Magne Gundersen trur at vi får betre råd i 2025:
– Eg trur trenden med reallønsnedgang vil snu i 2024. Samtidig vil vi ha høge renter som gjer at det vil bli trongare. Slik sett endå trongare neste år. Eg trur folk vil oppleve at det blir slakkare i 2025, seier Gundersen.
Gundersen meiner overgangen til det nye året er ein bra sjanse. Til å sette seg ned å lage ei plan:
– Det er lurt å lage ei plan for økonomien til neste år. De kan vere eit fint nyttårsforsett. Set opp ei plan for kor mykje du har å rutte ned. Dette er dei nødvendige utgiftene. Pass på å sikre at du ikkje brukar meir enn du har råd til. Ta høgde for at bustadlånet vil stige også neste år. Det er viktigare enn nokon gong å få kontroll på økonomien, seier forbrukarøkonomen. Sjekk ut Gundersen sine 13 sparetips her.
Dette bør politikarane gjere
Auka renter og spesielt straumpris er viktigaste grunn til at vi har fått dårlegare råd i det siste, ifølgje SSB. Forbrukarøkonom Gundersen er kritisk til den politiske handteringa av straum, som han meiner har feila:
– Sjølve prisen i seg sjølv er ille nok. Det blir ekstra ille når prisen er så uforutsigbar og svingar frå dag til dag og time til time. Både bedrifter og personar veit ikkje kva straumen endar på neste månad, seier Gundersen og legg til:
– For nokre månader sidan var det nesten gratis straum i ei periode. Eg treng ikkje gratis straum, men føreseielege prisar utan dei skyhøge toppane. Vi har eit straumsystem som fører til jojo-prisar som vi ikkje er tente med. Vi må få på plass nye mekanismar som sikrar meir stabile prisar, seier Gundersen med ei oppfordring til regjeringa og Stortinget.
Oversikt: Dette er snittlønna i over 350 yrker
OBS: Snittal
Til orientering er det store variasjonar mellom yrkesgruppene. Nokon har fått ein god del dårlegare råd enn andre under dyrtida. Reknestykket er basert på gjennomsnittstal.
Det vil seie at gjennomsnittslønsaukene for dei tre åra er lagt til grunn (3,5 prosent i 2021, 4,3 prosent i 2022 og 5,2 i år).
Tala for reallønsutviklinga er basert på statistikk frå Teknisk beregningsutvalg for inntekstoppgjørene (TBU). Obs, det er også verdt å merke seg at det er lagt til grunn for reknestykket at reallønsnedgangen i 2023 blir på 0,4 prosent. Det er ikkje sikkert vi landar der, men det var estimatet mot slutten av i fjor.
Det er også andre ting som spelar inn på kor mykje du sit igjen med. Det er også verdt å merke seg at i dei eksempla med lågast inntekt, vil ein normalt sett ikkje kunne få eit lån på to millionar kroner. Har du eit lån på over to millionar kroner, vil du følgeleg ha fått enno mindre å rutte med dei tre siste åra enn i dette eksempelet.