Det er halv skatt i desember – sjekk hvor mye du får utbetalt
Sjekk kor mykje meir du får i løn og få med deg korfor det er slik.
Kontoen blir litt feitare til jul. Har du ei utbetalt månadsløn frå 20.000-35.000 kr? Her får du ei oversikt over kor mykje meir du får utbetalt neste månad.
Jøran Grønstad
Saken oppsummert
oystein.windstad@fagbladet.no
Neste lønning blir ein del større, og det er på grunn av fagrørsla og LO. Meir om det seinare.
Men først: Kor mykje meir vil du få inn på konto i desember?
For deg med 20.000 i nettoløn
Utgangspunktet for alle desse eksempla er at skatten er på 35 prosent. Høgare eller lågare skatt vil gje ei anna løn til jul. Har du vanlegvis utbetalt 20.800 kr i månaden, vil det i desember tikke inn 26.400 kr, grunna halv skatt i desember.
Du som har 25.000 utbetalt
Ligg løna di på 25.350 i månaden, vil du få 32.175 inn på konto neste månad.
Om du har 30.0000 i månaden
Får du ubetalt 30.550 ellers i året, kjem det 38.775 på lønskontoen i desember.
Og du som har 35.000 til vanleg
Og i siste tenkte eksempel, har du ei utbetalt månadsløn på 35.100, kan du glede deg over å få inn 44.550 kr i desember.
UTREKNINGA: Her er ei oversikt som forklarar tala og kor mykje mindre skatt og meir løn du vil få, alt etter kva månadsløn du har. Oppsettet er laga av Forhandlingsenheten i Fagforbundet.
Øystein Windstad
Korfor?
Grunnen til at vi har dette systemet, er fagforeiningane og LO. I 1952 fekk dei igjennom det systemet vi har i dag: At det blir trekt litt høgare skatt elles i året, og mindre i desember.
Bakgrunnen for ordninga var å sikre at dei som er under økonomisk press og som slit med å spare, skal ha betre råd til julehøgtida.
LO sat halv skatt i desember som krav for at dei skulle støtte skattebetalinglova.
Samla sett betalar du altså ikkje mindre skatt, sjølv om han er halv i desember. Ordninga er kort og godt at staten hjelper oss med å spare.
Sjefen kan gje meir i november
Om du vil starte juleshoppinga litt tidleg, opnar lova for at du kan få mindre skatt og meir på konto i november. I staden for desember.
I lova står det at du kan velje om du vil ha mindre skattetrekk i dei to siste vekene i november. Eller i desember.
Ønsker du å få meir pengar i november i staden for desember, kan du be sjefen om dette. Sjefen kan om han eller ho vil og får det til, framskunde utbetalinga av meir pengar til november-løna.
Det er likevel sjefen som avgjer om du får utbetalinga i november i staden for desember.
Flere saker
De viktigste kravene er økt kjøpekraft og trygghet for sykelønn, mener Samra Akhtar, nestleder i HK.
Brian Cliff Olguin
Nå forhandles lønna for 3.200 ansatte i varehandelen
Herman Bjørnson Hagen
Slik har Mikkel endret arbeidsplassen
Felleskjøpet Agri
Politiet henla saken mot Felleskjøpet. HK anmelder kjeden på nytt
Merete Grøthe-Torgner jobber fra kjøkkenbordet hjemme på Vinstra.
Katharina Dale Håkonsen
Kiwi-ansatte manglet klubbledere. Så begynte Merete å ringe
De fem kioskene til WH Smith ble slått konkurs og er nå overtatt av Narvesen.
Brian Cliff Olguin/arkiv
Maria ble tilbudt lån istedenfor lønn da jobben gikk konkurs
Anders Hauge-Eltvik

